tirsdag 1. september 2009

Samanlikning av hovudsida på dei tre avisene VG, Ekspressen og Berlingske

Samanlikning av hovudsida på dei tre avisene VG, Ekspressen og Berlingske.
Eg har nå lese dei tre avisene sine hovudsider på nett. Dei har alle tre eit sterkt nasjonalt preg, og nasjonale sakar er dominerande. Nasjonal fotball og politikk er noko som går igjen hos alle tre. Eg har sitt nærmare på kva for saker som dei ulike avisene har felles.

VG og Ekspressen har mest likt av dei tre avisene. Eg fant tre like sakar hos VG og Ekspressen; den 18 år gamle bortføringa av Jaycee Lee Dugard, tre nyfødte barns død i Sverige grunna resistent bakterie, samt Zlatan sitt mål i debuten for Barcelona. VG og Berlingske hadde ingen like sakar på framsida, mens både Berlingske og Ekspressen har oppslag om at ein svensk mann i 40-åra har mista livet grunna svineinfluensa.

Oppbygningen av dei tre nettsidene syns eg er lik. Alle tre har ”sidesakar” på sida av hovudsakane, mens alle har ein hovudsak på toppen. Nedover følgjer det fleire mindre sakar, som ikkje får like stor oppmerksam.

At det er så få like sakar på dei ulike nettsidene, er for meg overraskande. Kanskje er me i Norden for nasjonalistiske?

Ingen kommentarer: